Bygging av nye medier

June 24th, 2012  |  Published in Nye medier

Det er lettare enn nokonsinne å laga nye medier, applikasjonar, program, tenester. Omtrent alt kan programmerast, medan infrastrukturen er på plass frå før, slik som trådlause nettverk, skjermar, høgtalarar, etc.

I sommar tenkte eg mykje på korleis nye medier kan og bør verta konstruert. Dette er tema for eit spesialnummer av Norsk medietidsskrift (nr. 3/2012) som eg redigerer, pluss at eg skal skriva ferdig ein artikkel med tittelen “Medium design considered as an experimental method”.

Det mest praktiske nivået i mine undersøkingar så langt er å spørja ut ungdommar om kva slag medier dei synest er viktigast. Dette byrjar som ein  forskingsstasjon under Forskingsdagane UNG hausten, 2012 (sjå eiga sak om dette), og forsett som ein konsultasjon med ulike metodar.

Figuren nedanfor viser dei prosedyrane eg meiner er nødvendige i eit seriøst utviklingsprosjekt. Dette er eit metodeideal som også studentar på bahcelor- og masternivå i medievitskap bør forholda seg til.

 

Oppslag i Sogn Avis

June 20th, 2012  |  Published in Tillit på mobilen

No er intervjuet med Bjørnar og meg kome på trykk i Sogn Avis, under tittelen “Vil kartleggja mediebruk på mobil”.  Det er eit fint oppslag, med ein kombinasjon av forskarens tørre fakta og ungdommanes meir livlige oppfatningar.

Me la vekt på at det var for tidleg å konkludera frå våre undersøkingar, sidan me enno dreiv på, og dette er jo ein turn-off for alle journalistar. Difor let journalisten heller ungdommane konkludera på våre vegne, det verkar litt forhasta.Artikkelen hadde også nokre litt undarlege setningar. “Grensa for kva som er akseptabelt å leggja ut av personleg informasjon blir mindre og mindre”. Men kan ei grense verta mindre på denne måten? Ordet terskel hadde passa betre.

Tronge dalar med smarte folk

June 16th, 2012  |  Published in Tillit på mobilen

På torsdag og fredag var det skarpt fokus på å skaffa informantar til studie C. Studie C er eit kvalitativt intervjuprosjekt om korleis folk deler personleg informasjon på mobilen, og me snakke med informantane mellom ein halv og ein time. Vanlege telefonar var iPhone4, HTC Desire, LG Nettbrett og ikkje-touch-telefonar frå Nokia og Sony Ericsson.

Eg er akkurat ferdig med eit intervju, og jenta fyller ut samtykkeskjema. Foto: Lars Nyre.

Lars og Bjørnar intervjua til saman 11 vasksne folk frå Indre Sogn. Det var litt tilfeldig at me endte med eit slikt fokus, men då me hadde rekruttert 5-6 personar, og såg at ingen var særleg unge, så gjorde me dette til eit eksplisitt fokus.

Med sosiologiske auge var dette eit interessant utkome. Våre informantar gjev eit breidt bilete av dei vaksne folka i indre Sogn. Me har forretningsfolk, tilsette ved Høgskulen, barneskulen, biblioteket, fylkesarkivet, pluss to reiselivsarbeidarar frå ein av fjelldalane. Dei er alle saman ressurssterke og gjennomtenkte, og prøver på ulike måtar å hanskast med pliktene overfor sine næraste, arbeidet og lokalsamfunnet dei er ein del av.

Vårløysinga gjer at fossen ved Hella vert fryktinngytande stor. Foto: Nils Wendelbo Nyre.

Særleg tre menn var avanserte brukarar. Det var ein fjellførar som gjorde alt det viktigaste på sin HTC Desire. Han lagde avtalar, bestilte reiser, sjekka værmeldingar og navigerte langs riksvegen, alt med mobiltelefonen som verktøy. Likeeins forretningsmannen, som køyrer på kryss og tvers i heile Sør-Norge, og har eit finstemt oppsett på dashbordet i bilen.

I samtalen var det seks hovudtema:

  • Bruk av kart
  • Transportmønster og koordinering
  • Avtalelaging med familie, venner og kollegaer
  • Sjølvrapportering på SMS og Facebook
  • Tankar om sporing
  • Er du avhengig av telefonen?

Under intervjuet bad me også om å få sjå eksempel på den kommunikasjonen me snakkar om. Alle saman gjekk med på dét, og me fekk omkring 100 forskjellige skjermbilete. Me kan aldri visa fram sjølve bileta, men me skal skildra dei utførleg i publikasjonane våre.

Eksperiment med Foursquare

June 15th, 2012  |  Published in Tillit på mobilen  |  16 Comments

Vert Foursquare det nye in-mediet blant ungdom i Sogndal? Det ville vera interessant dersom aktivitetane våre fekk ein slik konsekvens.

Eit eksempel på ei oppføring i Foursquare. Alle kan oppretta nye stader og fylla dei med innhald når dei er der. Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås.

Dei siste dagane har Stig og Pål arbeidd hardt med studie B; Foursquare-eksperimentet. Her skulle informanten oppretta profil på det lokasjonsorienterte sosiale mediet Foursquare, og laga minst fem “check in” i løpet av eit døgn, og deretter fylla ut spørjeskjemaet. Hypotesen er at dei vil vera meir tillitsfulle til å dela informasjon enn folk som ikkje har brukt Foursquare.

Stig og Pål oppsøkte folk på høgskulen og den vidaregåande skulen på Foss, og Bjørnar tok kontakt med eit IT-firma i Hermansverk. Men det viste seg svært vanskeleg å få folk med på opplegget vårt. Det var nok litt for omstendeleg å måtta lasta ned og registrera seg, og det krevde 3G for å fungera. Nokon brukte berre trådlaust nettverk heime eller på skule og arbeidsplass. Me spurte over 70 menneske om å vera med, og klarte til saman å rekruttera 17 informantar. Alle saman er mellom 18 og 24 år.

Informantane la ut mange forskjellige ting, slik som fotografi og små kommentarar. Det vart også konkurransar mellom informantar om å verta “Mayor” på ulike “Places”. Me lasta ned screen shots av alle oppføringane, og deretter “unfrienda” me alle saman. Materialet består av over 80 screenshots. Her har me eit rikt empirisk materiale som me skal analysera utover sommaren.

Det gjenstår å sjå om Foursquare no blir det nye in-mediet i Sogndal. Det ville i så fall vera ein artig “unintended consequence”.

Status etter to dagar

June 12th, 2012  |  Published in Tillit på mobilen

Lars Nyre tel opp informantar. Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås.

Prosjekt har god framdrift. Etter to dagars aktivitet i Sogndal sentrum har me rekruttert 73 informantar. Målet er å skaffa 120 innan fredag kveld.

Teamet har vandra rundt i Sogndal sentrum og rekruttert informantar. Ved fontenen i parken utanfor kommunehuset har me fått mange i tale, og kaféen utanfor kjøpesenteret Sogningen.

Pål Aam og Stig Øvreås jobbar med Forsquareprosjektet, medan Grete Netteland og Lars Nyre rekrutterte informantar til studie A. I morgon kjem Bjørnar Tessem også, og då er teamet komplett.

Til studie A har me rekruttert 28 informantar som ikkje brukar Facebook på mobilen, og dei har ein klar tendens til å vera i førtiåra eller eldre. Vidare har me 35 informantar som brukar Facebook på mobilen, og nesten alle er 18-24 år. Informantane har svært forskjelligarta bakgrunn. Dei er elevar, studentar, hjelpepleiarar, lektorar, professorar, sjåførar, portvaktar, konsulentar og handlangarar, blant anna.

Til studie B der folk skal bruka Foursquare i eitt døgn har me rekruttert 10 personar, det er ni jenter og ein gut, alle saman er mellom 18 og 22 år. Dei går enten på vidaregåande eller høgskulen. Til denne studien treng me 20 personar til.

Stig Øvreås kommuniserer med ti informantar på Foursquare. Foto: Pål Aam.

Til studie C har me enno ikkje prøvd å rekruttera interjvuobjekt, og dette arbeidet byrjar for alvor på onsdag morgon. Me ynskjer å snakka meir inngåande og detaljert med 10 menneske om deira vanar og oppfatningar omkring deling av personleg informasjon på mobilen.

 

Over fjellet til Sognefjorden

June 11th, 2012  |  Published in Tillit på mobilen

Forskingsprosjektet skal føregå i  Sogndal i indre Sognefjorden. Forskarane kjem med buss, bil og fly frå Bergen og Volda, pluss at me har ein lokal medarbeidar.

Foto: Isak Wendelbo Nyre.

Me tok vegen over Vikafjell istadenfor å køyra gjennom dei lange tunnelane frå Gudvangen til Lærdal. Her er fyrste glint av fjorden i hellingane ovanfor Vik. Snøsmeltinga gjer fossen ekstra stor.

Snart klar

June 7th, 2012  |  Published in Tillit på mobilen

Førearbeidet til den store undersøkinga i Sogn er i full sving. Førsteamanuensis Lars Nyre skriv på dei mange styringsdokumenta som trengst for å gjennomføra ei presis empirisk undersøking, og testar mikrofonar, kamera og opptaksutstyr.

Lars Nyre er opptatt med førearbeid. Foto: Nils Wendelbo Nyre.